Unni Askeland opnar Vossa Jazz-utstillinga

Opningstider under Vossa Jazz:

torsdag 21. mars kl 20:00 – 22:00

fredag 22. mars kl 11:00 – 16:00

laurdag 23. mars kl 11:00 – 15:00

sundag 24. mars kl 12:00 – 15:00

Den fargerike kunstnaren Unni Askeland kastar glans over opninga. Vossa Jazz fortset satsinga saman ved Voss Kunstlag med å framheva unge kunstnarar i regionen. I år fall valet på Ingeborg Annie Lindahl. Lindahl (f. 1981) vaks opp i Harstad men bur og arbeidar i Bergen. Ho var ein av pionér-studentane som tok bachelorgrad ved Kunstakademiet i Tromsø. Oppdraget som festivalkunstnar er Lindahls første store oppdrag etter fullført mastergrad ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

Lindahl ser på samanhengen mellom mennesket si tilhøva til tid rom og konsum og korleis dominerande ideologiar formar forståinga vår av kunnskap historie og vår eigen natur. Med ‘Soft as Chalk’ ynskjer Lindahl å stille vår forståing av røynda opp mot endringsprosessar innanfor naturvitskapen og mennesket som eit tidleg stadie av å omgjerast til mineral.

Eit av motiva frå utstillinga vert årets plakatmotiv for Vossa Jazz. Som eit ytterlegare prosjekt for å dela kunsten med by og bygd så har Lindahl trykt 25 eksemplar av plakaten som nummererte innramma silketrykk og desse blir hengt opp på ulike stader utandørs og innandørs både på Voss og i Bergen. Særleg trykka som blir hengt opp utandørs blir interessante å følgja med på framover – får dei hengja i fred?

 

Meir om festivalkunstnaren:

Årets festivalkunstnar Ingeborg Annie Lindahl frå Harstad vart uteksaminert i 2012 frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen der ho tok master i kunst. Utstillinga er ei vidareføring av hennar masterprosjekt ‘The Conservation of Man and Death of the Material Girl‘. Lindahl har tidlegare gjennomført separatutstilling ved Galleri NordNorge i Harstad samt stilt ut ved ei rekke gruppeutstillingar i både inn og utland blant anna ved NoPlace og Tromsø Kunstforening samt F Block Gallery i Bristol England. I tillegg har Lindahl stilt ut kuratert og produsert utstillingane Ut i min hage i Harstad og saman med kunstnergruppa postmomart gjennomført utstillinga odds i Odda.