UNGjaJAZZjaaaaaaa!

lydbank-adnedyrnesli1-2

Det er med ei viss forskrekking ein ser scena på Fraktgodsen fyllast av om lag 30 svært unge gitaristar trommisar bassistar og vokalistar. Har Åsmund Weltzien med utgangspunkt i materiale frå desse musikarane greidd å komponera noko som kan underhalde dei mange oppmøtte? Vil Jonas Vedde Ødegård med hjelp av Kåre Opheim greie å leia desse ynglingane gjennom ein times konsert? Og ikkje minst: er desse unge gutane og jentane flinke og samspelte nok til å få det til å svinga og imponera fletto av eit fullstappa Fraktgodsen? Svaret vart eit rungande ja! Underfundige lydlandskap groovy bluesrock og vakre popmelodiar framført med sjarme og dyktigheit overtydde alle som ein.

Del gjerne!