UNGjaJAZZja!-prisen til Smiletones

img_7565csandrajecmenica

Den første UNGjaJAZZja!-prisen i regi av Vossa Jazz gjekk til det lovande vossabandet Smiletones. Med i bandet er Børge Styve Anders Fretheim   Tarjei Kjerland Lienig og Håvard Havro Bjørnstad. Prisen på 10.000 kr vart overrekt av Steinar Hjørnevik representanten for Vossa Jazz lauget som er hovudsponsoren til Vossa Jazz. Prisgjevinga fann stad sundag ettermiddag i samband med Silje Nergaard sin konsert i Vossasalen. Bakgrunn for prisen:Vossa Jazz tok hausten 2007 initiativ til å setje ut i livet det dei lenge hadde kalla ”Ungdomssatsinga”. Dette har vorte til eit samarbeid mellom Vossa Jazz Voss Kulturskule Voss Skulemusikk og etterkvart Voss Jazzskule v/ John Taylor. Satsinga har fått namnet UNGjaJAZZja!. I dette samarbeidsprosjektet har det til no vakse fram ti speleglade og stadig flinkare band med deltakarar i aldersgruppa 8 til 19 år. Kriteria for prisen er at han skal gå til det ungdomsbandet eller den musikaren på Voss som har markert seg mest positivt det siste året. Vidare er musikalsk utvikling engasjement for musikk og spreiing av musikkglede for seg sjølv og andre viktige element i vurderinga. Juryen grunngjev prisgjevinga slik:”Smiletones har vore med i UNGjaJAZZja! sidan starten og me har opplevd dei på ulike scener. Bandet har utvikla seg og har musikalske kvalitetar og dei er såleis viktige inspirasjonskjelder for andre ungdomar i bygda.”     – Dette var veldig overraskande. Me visste ikkje eingong at prisen eksisterte sa ein svært glad Børge Styve då han mottok prisen. – Me vil retta ein stor takk til ein som har betydd svært mykje for bandet og musikkmiljøet på Voss nemleg John Taylor avslutta Styve til stor applaus i salen.    I juryen: Trude Storheim (Vossa Jazz) Egil Mørkve (Vossa Jazz lauget) Arne Anderdal (Voss spelemannslag)

Del gjerne!