Unge jazzmusikarar i storslag

ungdomssatsinga_001

Ungdomssatsinga er eit samarbeid mellom Vossajazz Voss Skulemusikk Rockeklubben Drilljentene og Voss kommune for å pressentere unge og lovande musikarar frå Voss. Dette prosjektet vart ein kjempesuksess med stort oppmøte. Skulemusikken sjarmerte med sine coverlåtar av Beatles og Neil Young kor dei stilte med både elgitar elbass fiolin og full blåserekkje.

I tillegg hadde drilljentene eit lite show på ein av sangane. Plateaktuelle Superplain frå rockeklubben spela melodiøs electrorock medan Smiletones frå Voss Gymnas imponerte publikum stort med sine jazznummer framført akkurat slik publikum vil ha det.

Del gjerne!