Ungdommeleg gatekunst i Bonanger-gata

Vossa Jazz 2022 fekk ein knallfin tjuvstart i Bonanger-gata torsdag ettermiddag. Ungdomar frå Ungdomsklubben Vangsgryto, Ungdomshuset UHV og kulturskulen på Voss har i samarbeid med gatekunstnaren ITPD laga ei flott, permanent street art-utstilling, basert på kjende og kjære musikk- og kulturfjes frå Voss. Med så mykje fint å sjå på veggane her, lyt ein berre kryssa fingrane for at dette ikkje går for hardt ut over handel og trafikk i nabogata Vangsgata!

Marco Elsafadi heldt opningstala, med velvalde ord om ungdom, samhald og relasjonar. Foredragshaldaren, som i mange år har spelt basketball på toppnivå, har teke undertittelen «relasjonshøvding». Slike treng me fleire av, i ei tid prega av krig, konflikt og steile frontar.

Elevar frå Jazzlinja ved Folkehøgskulen heldt årets fyrste konsert, med framifrå eigenkomponert materiale – livlig, moderne og medrivande jazz som varma godt opp hjå tilhøyrarane. Dette lovar godt for den neste generasjonen i norsk jazz!

Del gjerne!