Ungdom + jazz = sant!

img_4268kristofferfloteberget

Laurdag heldt vossaungdomar liv i Pianobaren i to omgongar både føremiddag og ettermiddag. Det er imponerande korleis det spirar og gror i musikkmiljøet i bygda. Dei unge musikarane held eit høgt musikalsk nivå. Om ettermiddagen var Night Lights først ut. Solist Vilde Kjos Lie tok publikum med storm der ho synte ei mektig kontroll på stemma. Ei anna som synte at ho kan sitt instrument var andre frontfigur i gruppa saksofonist Elisabeth Trøen. –Det var kjekt å spele her i dag sa Elisabeth etter konserten. –Det er fint at Ungdomssatsinga er kome i gong. John læraren vår er kjempeflink som får til alt dette med oss!

 

Sist ut i Pianobaren denne dagen var gutane i Smiletones annonserte som ”festivalen sitt høgdepunkt” av lærar John Taylor. Her er gutar det svingar av! Gutane Børge Styve (trompet) Tarjei Lienig (piano) Håvard H. Bjørnstad (bass) og Anders Fretheim (trommer) er alle elevar ved musikklina ved Voss Gymnas men spelar allereie som gamle veteranar. Så kanskje er det ikkje lenge til dei faktisk er øvst på festivalplakaten?

Del gjerne!