Ungdom + jazz= sant

Vossa Jazz tok hausten 2007 initiativ til å starta ei satsing for ungdom som ville læra å spela instrument der fokus var jazz og rytmisk musikk. Litt over eitt år seinare stod sju band på scena under Jolajazz; fem jazzband og to rytmiske. Det er John Taylor og Jonas Vedde Ødegård som er instruktørar for banda. Ungdommane øver ein gong i veka i tillegg til samspelundervisning. Det var fantastisk å sjå totalt 35 ungdomar stå på scena 5. joledag alle med same lidenskap; musikk! Repertoaret var breidt frå eigenkomponert musikk til kjende jazzlåtar og Mamma Mia. To av banda Night lights og Smiletones hadde òg konsert om kvelden og då med saksofonisten Olav Dale som gjest. Det lovar godt for framtida og interessa for jazz og nærliggande musikkformer på Voss.