Underbar subtrio

subtriopaulo-adnedyrnesli1-2

Desse fire karane sit på ein solid dose med erfaring og rutine som tydeleg ga seg gjeldande i kveld. Dette heilt klart positivt på ein sjarmerande måte. John Pål Indreberg på baritonsaksofon hadde ei framtreden rolle som leia oss gjennom ein konsert ispedd artige småhistoriar som vekka godlåtten hjå tilhøyrarane i Fraktgodsen. Ein kan trygt seia at dei traff særs godt og elegant med både musikk og ord. Gyngande og nikkande til det humoristiske samspelet breidde det seg ei lun og god stemning i lokalet. Italienske Paulo Fresu og Indreberg glitra som ein særs dyktig «blåsarduo» med ein finslepen dynamikk av høg klasse.

Del gjerne!