ULD i Vangskyrkja

Foto: Ole Onstad

Billettslepp!

Laurdag 12. april kjem trioen ULD til Vossa Jazz for å spele konsert i Vangskyrkja.

Une Lorentzen Onarheim – vokal 
Lucia Utnem – tangentar 
Dagny Braanen Lindgren – trekkspel 

Etter eit intenst og spanande år med opningskonsert på Bylarm, nominasjon til «Årets Stjerneskudd», og Mari Boine sine gjestar i Operaen, er den unge trioen ULD endeleg klar for Vossa Jazz. Ei særeigen besetning med trekkspel og piano gjev eit sjangerflytande uttrykk med improvisert musikk inspirert frå viser, indie, jazz, folk og tradisjonsmusikk, og – i tillegg til eigne tekstar – moderne tilnærming til dikt frå Gunvor Hofmo og Jon Fosse. Lågmælt urkraft med harmoniar som går rett i hjarterota.

Del gjerne!