Tuba og harmoni

img_7355csandrajecmenica

Hoem/Simonsen Duo framførte ei kjenslevar og vakker stund i Pianobaren sundag ettermiddag. Duoen skaper vakker harmoni og eit unikt lydbilde med den noko uvanlege samansetninga vokal tuba og elektronikk – samt innslag av klokkespel. Musikarane tolka låtar av mellom anna Björk Kraftwerk og PJ Harvey i tillegg til at dei også spelte eigenkomponerte. Det var eit lydhøyrt publikum som var møtt fram til og med småungane sat stille heile stunda og naut den vakre musikken.

Del gjerne!