Trygt heim med Trygve Seim

Det vart trangt om plassane i gamlekinoen på sundag. Siste dagen av festival var i gang, og etter ein lang festival med slitne vossajazzarar var den saksofone villmannen Trygve Seim perfekt for å opna sundagen i Gamlekinoen. Saksofonisten hadde med seg Mats Eilertsen på ein bass som opna solo-rundgange, og Markku Ounaskari på trommer som ein del av sitt originale band, samd Mathias Eick på trompet og Jon Balke på tangertar som del av konserten.

Med underlege lys-animasjonar, og vakre harmoniar kunne soloane enkelt ga på rundgang mellom samtlige musikarar på scena. Og når villmannen måtte ut ein kjapp tur for å fiksa flisa på saksofonen, steppa dei andre på scena opp. Inn kom Seim med ein saksofon som laga lyd, og ei stemning som var lun.