Trondheim Jazzorkester

tjo

Orkesteret har utgangspunktet sitt i Jazzlinja og har etterkvart bygd seg opp eit solid renommé og ein stjernespekka stall. Dei har turnert med storheitar som Chick Corea og Pat Metheny og spelt med «alle» i norsk jazz.

I denne utgåva av Trondheim Jazzorkester medverkar eit knippe sterke profilar i norsk og svensk jazz og til konserten på Voss bidreg nesten samtlege utøvarar også som komponistar. På initiativ frå kunstnarisk leiar Eirik Hegdal har dei utvikla eit konsept som byr på eigenskriven musikk sterkt forankra i jazztradisjonen og med mål om å gje publikum ei leikande og kreativ oppleving. Notane er innlærte og sette vekk og orkesteret opererer no etter minne og gehør. I praksis kan alt skje – ver der uansett kva som skjer!
Eirik Hegdal – musikalsk leiar saksofonar
Kirsti Huke – vokal
Martin Küchen – saksofonar
Eivind Lønning – trompet
Øyvind Brække – trombone
Maria Kannegaard – piano
Ole Morten Vågan – kontrabass
Tor Haugerud – trommer
Mattias Ståhl – vibrafon munnspel
Ola Kvernberg – fele
Marinanne Wedset – lysdesign
da Wind Chi (Bengt Carling og Kerstin Lindgren) – dekorasjon og performancekunst

Konserten er produsert av Midtnorsk jazzsenter i samarbeid med Vossa Jazz.

In English:
The orchestra has built up a solid reputation through touring with Chick Corea and Pat Metheny and just about «everyone» in Norway. This edition has added some of the finest in Norwegian and Swedish jazz and especially for Vossa Jazz the players have also been given the opportunity to show what they are like as composers. This plan has been literally speaking orchestrated by Eirik Hegdal who previously had Trondheim Jazz Orchestra perform his commissioned work for Moldejazz in 2006. Expect controlled impro and improvised compositions this evening!

The gig is a Mid Norway Jazz Centre and Vossa Jazz production.

Del gjerne!