Trompetisk flygetur

Søndag ettermiddag gjekk den amerikanske trompetisten Peter Evans på scena for andre gong under årets Vossajazz, denne gong mutters åleine, sjølv om det fleire gonger under konserten høyrdest ut som om det var ein heil bøling der framme.

Evans omgjorde Osasalen raskt til sitt eige lydlaboratorium. Det peip i ventilar og suste og spraka under dei avantgardistiske eksperimenta. Lukka ein auga, kunne ein blant anna høyre ein vrinskande hest, ein cello, og ein sterk vind som bles over snødekte vidder: Evans-vinden.