Trompeten som trollbatt tilhøyrarane

Hildegunn Øiseth

Saman med ein triumferande trio av bass, trommer og piano trollbatt trompeten til Hildegunn tilhøyrarane i Jazzklubben på Park fredag kveld. Nøyaktig to år etter at kvartetten spelte inn plata «Manana» i Tyskland kunne dei endeleg syne fram den landegrensesprengande musikken.

Nydeleg nordleg bukkehorn (med eit pust Kapp Horn) gjer det nærmast nyttelaust å halde håra på huden. Det var vanskeleg å ikkje bli «Espen Berg’teken» av melodiane som gjorde det uvisst om ein skulle grine, glise eller grøsse nedover ryggen. Hildegunn Øiseth Quartet er like vilt, vakkert og vent som Vesaas» Det store (sam)spelet.

Del gjerne!