Trivelig handletur med Sham Jazz

sham_jazz

Sham Jazz imponerte midt på føremiddagen på Amfisenteret laurdag. Ikkje berre er dei veldig unge –dei er også veldig gode!  Med fengjande trommerytmar og glade blåsarar nådde dei inn til alle som var så heldige å vere på handel akkurat på dette tidspunktet.  Det var vel heller få som ikkje trampa takten. Småborna dansa med heile seg og dei gamle damene svinga litt ekstra på rullatoren. Dei som var travle stoppa opp og dei som var på vei heim med handleposane sine gjekk tilbake til butikken kjøpte seg ein is og kom attende for å høyre på.  

Dei unge musikarane var trygge på instrumenta sine og spelte fint saman. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at det vert meir å høyre frå den kanten i framtida.

 

Del gjerne!