Transedans frå helvete

The End (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
The End (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

Klokka er 00:15 laurdag morgon. Fieh spelar for fullt i vossasalen. Men djupt inne i gangane på park kan ein høyre ein svak saksofondur som vert sterkare og sterkare, deretter ein vokal, ein gitar og trommer. Men det er ikkje vanlege lydar som kjem frå desse konvensjonelle instrumenta. Det er lydane frå bandet The End ein høyrar, og dei framtrer for tilskodarane som om dei er besette av ein demonsk sjel som vil øydeleggja verda. Gjennom heile konserten brer kjensla om at verda går under, i form av musikalsk genialitet og ein vokal som immiterar saksofonane. Nokre vel å danse midt i alt mylderet, på randen av mosh-pit og ein form for transe-dans, andre vel å sta stille langs veggen og notere ned på ein medbrakt notatblokk.

Men sjølv om det kjennes som at verda går under, kjem The End tilbake gong på gong, og overraskar publikum. Når ein kjem til slutten, så er det ikkje verda si slutt, men den minnerike og eksperimentelle konserten, som får helvete til å verka fantastisk

Del gjerne!