Topp stemning på lokal café

kitsch

Denne sundags føremiddagen gleda Kitsch publikum med ein suveren kombinasjon av jazz fusion og rock. Saman og åleine viste trioen at dei er svært dyktige musikarar og dei baud på ei elegant og groovy oppleving for alle dei frammøtte. Kitsch har teke repertoaret sitt frå mellom anna Pat Metheny og gitaristen stod ikkje tilbake for den legendariske profilen. Tonane trilla og flaut ut i lokalet og blanda seg med godstemning og kaffilukt.

Dei talentfulle unge gutane i Kitsch tykte det var “helt sykt” at så mange hadde funne vegen til Tre Brør Café ein sundags føremiddag. Vi som var der tykte det var heilt herleg.

Del gjerne!