Tomasz Stanko

Den legendariske polske trompetisten Tomasz Stanko kjem til Vossa Jazz! Tre gongar har han vorte kåra til verdas beste trompetist i jazzbladet DownBeat. Han har ei rekkje plater bak seg på ECM mellom anna den kritikarroste plata «Dark Eyes» frå 2009. Stanko har spelt med namn som Jack DeJohnette Bobo Stenson og Dave Holland i tillegg til å vera medlem i Cecil Taylor Big Band tidleg i karrieren.

April 2010 spela Stanko og det nye bandet hans inn ei live-plate på Birdland i New York og det er denne virtuose kvintetten som no vitjar Voss. Bandet består av ei rekkje unge skandinaviske karar som kjem til å gjera det skarpt framover noko denne komboen tyder på. Deira opptreden under Oslo Jazzfestival fekk anmeldarane til å trilla høge terningkast og sleppa superlativane fri så dette blir garantert suksess!
Tomasz Stanko – trompet
Jakob Bro – gitar
Anders Christensen – bass
Alexi Tuomarila – piano
Olavi Louhivuori – trommer

In English:
Legendary Tomasz Stanko has no less than three times been voted best trumpeter by DownBeat. He has a number of albums out on ECM among them «Dark Eyes» frå 2009. His new quintet have recently recorded live at Birdland New York and one can expect material from this though the album isn’t released until later this year. Nothing like a pre-launch! His balance between the traditional jazz and the inventive tends to reach a wide audience. Easy yet challenging on the ear!