Tingingsverkkomponist 2011 Mathias Eick

Foto: Colin Eick

Ein kan stilla seg store forventningar når årets tingingsverk blir ført i pennen av trompetist Mathias Eick. Verket han lagar er eit steg inn i den elektroniske verda.

Musikken hans har opptil no vore relativt akustisk orientert og med førespurnaden frå Vossa Jazz såg han ein gylden sjanse til å utforska eit nytt univers. «Eg er først og fremst utruleg beæra over å få tildelt oppdraget. Det har i mange år vore min yndlingsfestival både grunna musikken menneska staden og skiforholda! Verket har framleis det lyriske fokuset med melodilinjer og individuelle soloar men lydbildet er eit anna» seier Eick.

Sidan starten med Jaga Jazzist på slutten av nittitalet har Mathias Eick spelt med eit allsidig utval artistar som Chick Corea Motorpsycho Manu Katché Trygve Seim Turboneger Iro Haarla og i det kritikarroste bandet Motif. Med sistnemnte vart han tildelt prisen «Young Nordic Jazz Comets» i 2001 og vann året etter BBC’s Jazz Award for beste jazzalbum saman med Jaga Jazzist.

I 2007 vart Eick tildelt den prestisjetunge prisen «International Jazz Talent» av International Jazz Festivals Organisation i New York. Han vart og tildelt Bylarm-stipendet i 2009. Debutalbumet «The door» vart nominert til Spellemannsprisen for beste jazzalbum i 2008. Han er i gang med album nummer to i desse dagar også dette på ECM.

«Det er med glede og spenning eg og bandet ser fram til å framføra verket på Vossa Jazz 2011» seier Eick klar for å innta Vossasalen.

Mathias Eick – trompet
Andreas Ulvo – piano
Torstein Lofthus – trommer
Gard Nilssen – tommer
Audun Erlien – bass
Morten Quenild – piano
Even Helte Hermansen – gitar

In English:
Commissioned work 2011: Mathias Eick
Trumpet player per excellence Mathias Eick has accepted the honourable task of writing the commissioned work for Vossa Jazz 2011. Eick started out as part of Jaga Jazzist a young ensemble of skilled instrumentalists and now internationally acclaimed. From there he furthered his jazz ventures with bands like Motif for which he won the «Young Nordic Jazz Comets» in 2001. The year after he landed the BBC’s Jazz Award for best album with Jaga Jazzist.

In 2007 he was handed the prestigious «International Jazz Talent» award by International Jazz Festivals Organisation in New York. With album number 2 on its way it is evident that this still young man are going places and one step on this road is the commissioned work. There is reason to be harbouring high expectations!