Tingingsverket Ekhidna på plate

Hedvig Mollestad leverte i 2019 det 38. Tingingsverket til Vossa Jazz, Ekhidna. Verket fekk ståande ovasjoner frå ein fullsett Vossasal og pressa trilla seksarar på terningane.

Hedvig har vore i Amper Tone studio og spelt inn ein albumversjon som me har sett fram til!

Med seg på innspelinga har ho Torstein Lofthus (trommer), Ole Mofjell (perkusjon), Marte Eberson og Erlend Slettevoll (tangentar) og Susana Santos Silva (trompet).

Plata vert gjeven ut på Rune Grammofon 12. juni, det er berre å gleda seg til eit herleg energikick!

Del gjerne!