Tingingsverket avslørt!

mats_eilertsen_foto_hans_fredrik_asbjornsen

Mats Eilertsen!

Ein av Noreg sine dyktigaste mest verdsette og innovative bassistar fører pennen på årets tingingsverk. Etter endt utdanning ved Jazzlinja i Trondheim har han spela med eit utal musikarar og medverka til utgjevingar for Arve Henriksen Solveig Slettahjell Tord Gustavsen Håkon Kornstad og The Source for å nemna nokre få av dei. I tillegg har han fleire plater med eigne konstellasjonar inkludert ”Turanga” (2005) som vart kåra til årets utgjeving av det japanske Music Magazine og Spellemannsnominerte”SkyDive” (2011).

Årets verk har fått namn etter den mytiske elva Rubicon. Til å kryssa denne har Mats Eilertsen samla eit lag beståande av sju sterke musikalske personlegdomar han kjenner godt og har spela mykje med dei siste 15 åra. Det er sju sjølvstendige stemmer og instrumentalistar som alle har den unike evna å by på seg sjølv samtidig som dei sit på ei fantastisk forståing for ensemble-spel.

Rubicon spenner opp eit sonisk lerret av streng- og tangentinstrument treblåsarar og slagverk ei fargerik samansetning av lydar og notar. Nokre ord frå komponisten om årets verk: ”Om livets mange bekker små som til sammen utgjør en hel å. En Rubicon som må utfordres krysses overskrides og tilbakelegges.”.

Følg med frå sundag av og dei neste 23 dagane for å sjå kva du kan gle deg til i 2014!

Billettsalet startar 1. desember.

Del gjerne!