Ting og tang frå Tingingsverket

Recomposed (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Recomposed (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Knappe tre timar etter urframføringa, har Ekhidna funne vegen ned i djupe klubbkjellarar – nærmare bestemd Pentagon på Park. Her hadde britane Ian Chambers og Dan Nicholls teke konseptet Recomposed med seg frå Cheltenham Jazz Festival til Vossa Jazz.

Konseptet går kort sagt ut på at opptak frå konserten (i denne samanheng: lydprøva til Hedvig Mollestad sitt Tingingsverk) blir klippa opp, remiksa og sett saman til eit nytt stykke. Og nytt var det: Mollestads vekselvis flytande og riffbaserte slangekvinne vart nærast erstatta med lyden av ein kubistisk robotslange – skrudd saman i notid.

Del gjerne!