Til Per og til mange fleire

Både vossingar og besøkjande oppsøkte Vangskyrkja for å få med seg Berit Opheim og hennar tolkingar av Per Indrehus sine komposisjonar med tekstane til Olav H. Hauge som bakgrunn. I tillegg til ein rørande og fin konsert kunne publikum som var tidleg ute sikra seg ein CD med eit utval av songane. Denne konserten markerte lanseringa av plata «Song trø lett på hjarta mitt».