Theatralsk Hjelmeland

Thea Hjelmeland (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)
Thea Hjelmeland (foto: Vossa Jazz/Camilla Louadah Hermansen)

Kvar skal ein byrje når ein skal skildre konserten Thea Hjelmeland haldt under årets Vossa Jazz? Thea Hjelmeland er ein heilstøpt artist og leiar publikum gjennom ein konsert som vil minnast lenge. Ho trakterar alt som har strenger, samt tangentar og syng med ein storslagen vokal. Etter ein låt og ein introduksjon der ho meldte at ho for tida har halsbetennelse og difor ikkje har snakka på to dagar for å spare seg, var det duka for å bli mektig imponert.

Thea Hjelmeland eksprimenterar, både musikalsk, tekstmessig og med relasjonen til publikum. Ho har tilskodarane i si hule hand gjennom heile konserten. Bandet rundt ho, beståande av Matias Tellez, Chris Holm, Njål Paulsberg og Ivar Thormodsæter er botnsolide og er med å gjere Thea Hjelmeland til ein fryd for øyret.

Del gjerne!