The Buddy Heartshock

Dette sagnomsuste bandet har lenge vore prata om i mørke korridorar og låste bakrom. Endeleg tar dei med seg musikken som knapt nokon andre har høyrt før ut til nettopp deg.

Her på Tre Brør Café og Vossa Jazz kan du bli med på ei premiere av dei sjeldne. Spiss øyrene for alt frå fuglesong og bornelatter til countryballader og punkeriff.

Lars Ove Fossheim – gitar
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Hans Hulbækmo – trommer

Tre Brør Café fredag 15. april kl. 20:00. Pris kr. 100 billettsal under festivalen.