Terje Rypdal m/ stjernemusikarar

terje_rypdal_foto_lars_opstad_rikskonsertene

Terje Rypdal er kjent som ein dei leiande gitaristane innan moderne jazz i Europa og han vert samtidig rekna som ein betydeleg komponist innan “seriøs” samtidsmusikk. Rypdal har gitt ut plater sidan han spelte med Jan Garbarek på slutten av 60-talet og vart med det same labelkamerat på ECM der det pleier å gå bra for dei som kjem seg gjennom nålauga.

Rypdal presenterer heilt ny musikk når han vitjar Voss i medregi av Rikskonsertane. «Per Ulv Goes Electric» er tittelen på verket som skal framførast. Den store inspirasjonskjelda har vore Rypdal sin fascinasjon for Per Ulv og Bippe Stankelbein.

Det utrulege bandet han har med seg består av nokre av dei absolutt beste musikarane Noreg har å oppdriva og kallar seg for anledningen The Roadrunners det engelske namnet for nettopp Bippe Stankelbein. Då skulle settingen vera klar!

Terje Rypdal – gitar
Palle Mikkelborg – trompet
Ola Kvernberg – el-fele
Svante Henryson – el-cello
Ole Morten Vågan – bass
Olav Dale – bassklarinett
Ståle Storløkken – tangentar
Paolo Vinaccia – trommer

In English:
Terje Rypdal is known as one of the leading guitarists in modern European jazz and a prominent contemporary composer. He got his break when playing with Jan Garbarek in the late 60s and soon ended up on the same label ECM. He presents brand new material when visiting Voss this year with his «Wile E. Coyote Goes Electric». The American cartoon villain and his nemesis Road Runner are the sources of inspiration and along with Norway’s finest musicians he brings comics into contemporary music!

Del gjerne!