Tenor til alt, ein sjelfull og storarta seanse

Tenor Battle FOTO: VOSSA JAZZ/ERIK ÅSHEIM

”Er det mogleg?” var nok ein tanke mange gjorde seg under konserten med Tenor Battle i Vangskyrkja denne sundagen. Det var nemleg ein opptreden utan like ensemblet,
med Håkon Kornstad i front, leverte. Tilhøyrarane satt nærmast hypnotisert og lytta.

Med seg hadde han Sigbjørn Apeland på harmonium, Lars Henrik Johansen på cembalo og cimbalon, Per Zanussi på bass og årets Vossa Jazz prisvinnar Øyvind Skarbø på trommer. Det er nok av lovord å skjenke heile ensemblet, dei spela plettfritt og inderleg i god harmoni med Kornstad sin glimrande kombinasjon av to ulike stilartar, som kanskje ikkje er den vanlegaste kombinasjonen: saksofon og opera, men båe med tilnærming som tenor, sjølvsagt.

For ja, det er mogleg, å kombinere dette og attpåtil med slik ein finesse som om det heile var tatt ut frå ei anna verd, i alle fall frå ei anna tid, med smygande barokk-inspirerte tonar og tolkingar av blant anna verker til den klassiske komponisten Paolo Tosti. Ømt, innovativt,
romantisk – heilt uimotståeleg!

Del gjerne!