TAKK!

Juvet på Park Foto: Vossa Jazz/ Ådne Dyrnesli

Det er nesten ikkje til å tru at femti arrangement er avvikla – til trass for eit par krumspring og steinsprang så stilte både musikarar, teknikarar og ikkje minst publikum opp frå ende til annan. Tingingsverket til Andreas Ulvo har hausta fulle hjarte- og smalahove-pottar, godorda har generelt foke gjennom lufta og klemmane har sete lausare enn på lange tider. No skal mange inntrykk fordøyast, og så er det er berre å lada batteria og gle seg til den femtiande festivalen 31. mars-2. april 2023. Hurra for dekan, hurra for Vossa Jazz!

Del gjerne!