Takk for ein fantastisk Vossa Jazz!

Trude Storheim og Tingingsverket EXIT KNARR (Foto: Vossa Jazz)
Trude Storheim og Tingingsverket EXIT KNARR (Foto: Vossa Jazz)

Tusen takk til alle musikarar, publikummarar og medarbeidarar for ein framifrå festivalhelg! Etter halvanna år og to mislykka forsøk på å få istand ein festival fekk me endeleg ballen i mål, og det var vel verdt ventetida.

At gjenopningen av landet fall på på festivallaurdagen kan det vere fristande å sjå som litt kosmisk rettferd frå «festivalgudane»: Me var den fyrste festivalen som måtte avlyse grunna pandemien i mars 2020, og no vart me også den fyrste som fekk opna opp att og nyte godt av at restriksjonane forsvann!

Også er det rosinen i pylsa: Det er berre eit halvt år til me kan ynskje velkomne til Vossa Jazz igjen, 8.-10. april 2022!

Del gjerne!