Laurdag kveld leverte Brooklyn Funk Essentials ein strålande konsert til eit ellevilt publikum. Med funky hip-hop og reggaebaserte songar var det duka for dans og romperisting i Vossasalen og det tok ikkje lang tid før publikum fekk fart på dansefoten. I to heile timar spelte Brooklyn Funk Essentials fartsfylte songar til ein stappfull sal. Når kvelden var omme var publikum desperat for meir og taket nærast letta i Vossasalen då bandet med vokalist Papa Dee i spissen entra scenen to gongar for ekstranummer.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.