Ta Vossa Jazz-toget til Vossevangen! – Gjeld 2017

Foto Eirik Åsheim

Fredag 7. april kan du ta Vossa Jazz-toget frå Oslo kl. 08:25, nærare bestemt kan du i vogn 10 nyta turen til Voss og oppleva søt musikk og smaka saltmat frå Vossakjøt!

Bestilling av billettar:
Send e-post til: Bergensbanen@nsb.no med følgande innhald:
Emne: Vossa Jazz  + namn på reisande.
Innhald: Tal reisande, og evt returdato og -avgang.

Når NSB mottar e-posten, vil dei booke billettar til deg, og sende instruksjon på korleis du skal betale (kredittkort).

Du vil motta kvittering på e-post som viser kor du skal sitja. Denne vil du motta i god tid før avreise. Billettane får du hjå konduktøren om bord i toget.

Pris for reiser i denne vogna vert kr 800,- per person.

 

Velkomen til Voss!

 

 

Del gjerne!