Sytti strenger, song og durspel

Gruppa RIM består av fire studentar, som har gått i to år på Nordisk masterstudium i folkemusikk. Under årets Vossajazz var det deira tur til å spele førfest for festivalpublikummet i Gamlekinoen. Vi som var tilstades, fekk servert både tradisjonelle slåttar frå heile Norden og sjølvkomponerte slåttar. Her var det dansemusikk, viser og eventyrlege klangar frå ulike folkemusikk-instrument!

På konserten var det representert tilsaman ca. 70 strenger frå ulike strengeinstrument. Sunniva Abelli (Sverige) på nyckelharpe, hadde heile 44 av dei fordelt på tre harper. Saman med seg i gruppa var Elin Jonsson (Sverige), på fele, hardingfele og bratsj, Jo Einar Jansen (Noreg) på fele, oktavfele og hardingfele, samt Hilde Fjerdingøy (Noreg) på durspel. Alle stemte også i sjømannsviser på vokal.

Rim hadde invitert med seg Benjamin Bøgelund Bech (Danmark) på klarinett, og Johanna Adele-Jüssi (Estland) på fele, som også har gått det same studiet tidlegare. Vi vart også overraska med improvisert dans av Mathilde Øverland på siste nummeret.

Eit godt samansatt program av gruppa Rim som me kjem til å sjå meir i framtida!