Svingande skeive taktartar

Goran Kajfes, Foto: Eirik Åsheim, Vossa Jazz

Å få skeive taktartar til å svinga så djevelsk som Goran Kajfeš med vener gjorde, er ikkje enkelt. Johan Holmegard på trommer var ei openbering – han la eit drivande og solid grunnlag for røffe riff og ville utskeiingar frå den eksepsjonelle blåserekka, Hallonsten på psykedeliske tangentar og sjølvaste Reine Fiske – Norden sin djervaste gitarist. Han spelte så feitt at strengane rauk – under strengeskiftet vart det tid ein detaljert introduksjon av musikarane som utgjer vårt nye favoritt-«arkerster».

For enkelte av tilhøyrarane gav dei psykedeliske afrikanske rytmane, med ein smak av svenske «kjotbullor» og kroatisk sjømat, grunnlag for ei djup transe – andre reagerte med dans, tilrop og spontan applaus.

Del gjerne!