Nokon sit nokon står og nokon har funne seg til rette under ein cymbal. Ein Ringheimskafé fylt til randen vart vitja av HP Gundersen som let fingrane springe leikande lett over strengane på sin dronegitar. Dette resulterte i svingande rytmisk akrobatikk.
Den manande drivande musikken trimma jazzarane sine trommehinner. Det let til å råde liten tvil om at dersom eit dansegolv hadde vore tilgjengeleg ville det taktfast vaiande publikumet slitt ut både eitt og to par sko.