Sviande godt Vepsestikk

Vepsestikk, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz
Vepsestikk, Foto: Ådne Dyrnesli, Vossa Jazz

Om ein lurar på kvar ungdommane tok vegen på jazzen, så var det på Vepsestikk ein fann dei. Alle med augo klistra mot bandet på scena og diggande hovud til dei fengande låtane frå bandet.

– Det var utruleg kjekt å spela i går! Ofte står folk og dansar på konsertane våre, så det var veldig kult og annleis å spela for folk som sat og høyrde på, fortel medlemane i Vepsestikk då me treffer dei for ein prat på Tre Brør sundag føremiddag.

Vepsestikk på Tre Brør, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz
Vepsestikk på Tre Brør, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz


Sjangerblanding over ein låg sko

Gjengen i Vepsestikk møttest alle på Langhaugen vgs og har teke undergrunnsscenane med storm sidan dei starta i 2019. Her blandast sjangrane over ein låg sko, og sutlaust knyter dei saman jazz, punk, prog og viser til sitt heilt eige Vepsestikk-sound. 

– Me høyrer på veldig mykje forskjellig musikk alle saman, og så kjem me på øving og lagar låtane i lag. Då vart det berre slik, seier dei når me spør korleis dei har funne tonen sin.

Dei vil ikkje halda seg til berre ein sjanger, men likar best å vera fri for den slags.

– Då er det heilt ope for kva me kan finna på og koma med til bandet, meiner dei.

Dei planlegg for tida å laga musikk til eit nytt album. Sidan dei byrja å spela i lag for fem år sidan, har dei plukka opp fleire nye instrument.

– Ein vert jo inspirert til å laga ny musikk av å ha blitt betre til å spela. No vil eg jo spela heilt andre ting på gitar enn då me byrja, berre fordi eg kan! Seier gitarist og vokalist Hanna Zieritz. 


Móeiður Loftsdóttir i Vepsestikk Foto: Lina Navarro, Vossa JazzMóeiður Loftsdóttir i Vepsestikk, Foto: Lina Navarro, Vossa JazzVepsestikk på Tre Brør, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz
Móeiður Loftsdóttir i Vepsestikk, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz



Trampeklapp og stormande jubel

Bandet spelar så ofte dei kan, men med trompetist Loftsdóttir på folkehøgskule, vert reisevegen ofte eit hinder.

– Me prøver helst å samla fleire konsertar på ei helg, sånn som no, og å øva mykje i forkant av dei, fortel dei.

Både for sommaren og hausten er konsertplanane godt på veg.

– Me gjer alt av booking og sånt sjølv no, og det trur me er bra. Då vert me kjende med bransjen sjølve, fortel bassist Kierulf.

– Det har og vore veldig viktig med det gode musikkmiljøet som er i Bergen. Det er ikkje noko gatekeeping der, det er veldig deilig. Og så drog me rett på Loud bandleir då me starta som band, og det var dritbra, held ho fram. 

Laurdag ettermiddag vert konserten runda av til trampeklapp og stormande jubel, og bandet har ikkje anna val enn å dra eit ekstranummer. Ingen greier å sitte stille lenger, og i kjellaren på Tre Brør bryt dansen ut. Noko som er heilt sikkert er at dette er eit band å halda øyrene på stilk for, og for å sei det med orda til Bergens Tidende: «Hvis du ikke liker dette, bør du vurdere om musikk er noe for deg.» 

Hanna Zieritz i Vepsestikk, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz
Hanna Zieritz i Vepsestikk, Foto: Lina Navarro, Vossa Jazz

Del gjerne!