Sverming for Vaular og tjommiane

Lars Vaular (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)
Lars Vaular (Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli)

Om ein går på Vaular-konsert, ventar ein jo gjerne noko uhorveleg henrivande og sutalaust. Detta var ikkje noko unnatak! Drivande deilig og forfriskande – publikum var med frå fyrste stund. Rappar, gangster eller kunstnar, for vår del kan du kalla deg kva du vil, Lars – me står bak deg uansett.

Det vart både lekre klassikarar som “Nonsens” og “Eg E Fra Bergen” og feite nye lydar, slik som briljante “For Ung Til Å Dø” og fenomenale “Stripar”. Begge delar fenga så det heldt! Me greidde verkeleg ikkje lata vera å hoppa («rett opp og ned») og dansa saman med Vaular og gjengen. Kjetil Møster og Frode Flatland sytte for eit spanande og stødig komp, og gjesteartistane Myra (med «solbriller på») og Girson Dias krydra konserten med song, rap, lyd og leven. Vaular og co. leverte eit solid sound, eit gnistrande sceneshow og goooood stemning – alt me kunne ynskja oss!

Del gjerne!