Svensk magi

Tre svenskar og ein nordmann stod på scena i Festsalen laurdag kveld. Med kåringa som Sveriges beste jazzartist i bagasjen kom Josefine Lindstrand på besøk til Voss. Frå første stund trollbandt ho publikum med si fantastiske stemme. Saman med Gunnar Halle Jonas Österholm og Fredrik Myhr leverte Lindstrand musikalske uttrykk som gjorde inntrykk.