Susanne ser seg tilbake

Susanne Lundeng (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)
Susanne Lundeng (Foto: Vossa Jazz/Lars Finborud)

”Det er godt å vera tilbake”. Det er godt å ha ho tilbake.

Susanne Lundeng har denne ubestemmelege påverknaden som berre nokre få artistar har. Er det det fantastiske felespelet? Er det dei vare songstrofene? Er det akkompagnementet? Er det Vossa Jazz? Det er sjølvsagt ein kombinasjon. Og når harpiksen frå felestrengane virvlar opp i scenelyset kjennest det som om det var altfor lenge sidan ho sist var her – og herleg at ho denne gongen har teke med seg Erik Nylander på slagverk og Nils Olav Johansen på gitar.

Med sjølvskrivne låtar hovudsakleg instrumentalt fekk ho likevel sagt nokre visdomsord – av og til må ein sjå seg tilbake. Det skal me gjera, og tonane til Susanne Lundeng blir følgemusikken for dette tilbakeblikket.

Del gjerne!