Susannas fantastiske songbok!

susanna_adne-1-3

Osasalen var fullsett då Susanna og barokkensemblet som kledde stemma hennar entra scena laurdag formiddag. Susanna opna med sin nydelege tolking av Leonard Cohens You Know Who I Am. Tredje song ut var hennar eigen Hangout ein song så vakker at underteikna var redd hjartet skulle stanse og ein augneblink vurderte å spørje om det var ein lege til stades i salen.

Susanna sjølv påpeika at songane ho skulle framføre for oss denne laurdagen  høvde best på kvelds- og nattestid. Men med sin hypnotiske stemmeprakt gjekk det ikkje lenge før publikum gløymde alt som heitte tid og stad. Reisa gjekk umerkeleg frå 1600-talet og Henry Purcells barokke viser til Cohen mot slutten av 1960-talet og Nick Drake utpå 70-talet før me igjen var attende i vår eiga tid og Susannas eigne songar. Ved hjelp av ein makelaus trio på barokk harpe baryton og nøkkelharpe  vart det ein uforgløymeleg formiddag. Til ståande applaus kom Susanna og ensemblet attende på scena og avslutta med It’s a Long Way To The Top av AC/DC slik du neppe har høyrt han før også den som resten av konserten uendeleg uendeleg vakker.

Del gjerne!