Susanna Wallumrød er kjent for mange anten det er grunna sine vakre rocketolkingar saman med Morten Quenild i Susanna and the Magical Orchestra som kordame for Bonnie ”Prince” Billy i gjengjeving av Gunvor Hofmo sine dikt eller som soloartist.
Med eit barokkensemble i ryggen og med utgjeving på ECM beveger ho seg i kjent men likevel nytt landskap som me får gleda av å oppleva på årets Vossa Jazz.
Giovanna Pessi har vore med henne sidan 2007-albumet ”Sonata Mix Dwarf Cosmos” og saman har dei no turnert både innland og utland med materiale frå plata ”If grief could wait”. Repertoaret spenner frå klassisk musikk av Henry Purcell til klassikarar av Leonard Cohen. ”Utsøkt” og ”trollbindande” skreiv The Guardian. Det trur me så gladeleg!
Susanna – vokal
Giovanna Pessi – barokk harpe
Martn Zeller – baryton
Marco Ambrosini – nykkelharpe
Høyr dei tolka Leonard Cohen her: http://www.youtube.com/watch?v=I9RkoLkLOBA
Billettar vert lagt ut for sal i løpet av januar.