Superjazz

Superjazz veks og utviklar seg som konsept. I år har Vossa Jazz slått på stortromma og invitert The Brazz Brothers eller på folkemunne: Brazz Bros. Desse seks energifylte musikarane frå Langevåg i Sula kommune skal palmesundag halde verkstad og konsert for og med personar med psykisk utviklingshemming.

Superjazzarane får i år som tidlegare høve til å musisere og lære nye ting på verkstad for så å delta med bandet på konsert. Dette vert ei høgdepunktsoppleving! I år vert arrangementet flytta til festsalen på Park Hotel Vossevangen.

Jarle Førde – trompet flugelhorn
Jan Magne Førde – trompet flugelhorn
Runar Tafjord – horn
Helge Førde – trombone
Stein Erik Tafjord – tuba
Kenneth Ekornes – trommer

Verkstad: 11:00 – 13:00
Konsert: 14:00 – 15:00

Billettpris kr. 150 – /ledsager kr. 75 -. Billettsal under festivalen.