Superjazz med Twang Gang

Bankettsalen hjå Scandic sundag 17. januar kl 14.00. Dørene opnar kl 13.30.

Brune kneiper, bluesfestivalar, countyfestivalar, jazzfestivalar, ungdomshus, kulturhus, bryllaup, gravferder, gebursdagar, firmafestar, motelanseringar, afterski, danskebåt, rockabillycruise, englandsbåt og sikkert mykje anna rart. Lista er lang når ein ser på kva den over snittet hardtsvingande Twang Gang’en har vore med på i løpet av 20 år.

Noko av det aller kjekkaste dei har vore med på er samarbeidet dei har hatt i fleire år med Supergruppo. Og no er dei klare for konsert på Superjazz!

Kjøp billettar hjå TicketCo. OBS! Avgrensa tal plassar! Konserten vert skipa til etter gjeldande retningslinjer.

Før konserten har Supergruppo og Twang Gang verkstad.