Superjazz med superbrazz!

superjazz

Sundag føremiddag arrangerte Vossa Jazz superjazz for tredje år på rad. Målgruppa for superjazz er personar med funksjonsnedsetjing og målet for verkstaden er at deltakarane skal lære seg å handtere ulike instrument. Denne gongen var det Brazz Brothers som haldt musikalsk verkstad.

«Hallo hallo hvordan står det til? Bare bra!»

Brazz Brothers fangar merksemda til deltakarane frå første stund og saman jobbar musikarane og deltakarane fram ei førestilling. Kontakten mellom dei er heilt fantastisk.  

Den energien tok musikarane og superjazzdeltakarane med seg inn i Festsalen på Park då det var klart for konsert. Salen var fullpakka og publikum var heilt med frå fyrste note. Førestillinga fekk fram smil og latter hos alle og publikum klappa og song villig med. Superjazz-deltakarane fekk vist fram alt dei hadde lært og dei gjorde det med eit smittande engasjement. Gruppa utgjorde ein stor og solid rytmeseksjon og publikum fekk med seg frie improvisasjonar frå kvar einskild deltakar.

Det er ikkje lett å seie kven som koste seg mest – Brazz Brothers superjazz-deltakarane eller publikum. Denne eksotiske og inkluderande musikkopplevinga sikra i alle fall eit smil om munnen resten av dagen og sikkert langt inn i påskeveka.

Del gjerne!