Superjazz med Agbalagba Daada

Det kan ikkje verta anna enn supert når Terje Isungset og Per Jørgensen skal kasta seg ut i leik,  improvisasjon og spontane innfall.

Saman med «Supergruppo» og andre menneske med nedsette funksjonsevner skal dei omfamna musikkens verd, heilt utan sikkerheitsnett! Agbalagba Daada si innstilling er at alle menneske er ein ressurs – også musikalsk. Alle menneske har noko som ingen andre har.

Få med deg ein impulsiv, varm og ellevill konsert sundag på Vossa Jazz!

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!