JAZZKALAS
Årets superjazz!
Heidi Kvelvane – saksofon og trekkspel
Mads Berven – bassgitar og vokal
Nils Are Drønen – trommer
Jazzkalas byr på feststemt, improvisert musikk med utgangspunkt i fengende rytmer frå jazzmusikkens vugge, New Orleans og med referansar til band som The Meters og Skull Snaps!
Med friske versjonar av låtar fra artistar som Charlie Parker og Eddie Harris, har Jazzkalas levert mykje godstemning på familiekonsertar i løpet av det siste året.
Jazzkalas har ein open og leiken måte å spele på, og tek publikum med på ein musikalsk ferd i eit landskap av groove, impro og godfot.
På Superjazz skal Jazzkalas ha jazzverkstad og konsert saman med personer med ulike funksjonsvariasjoner, og konserten blir ein mix av det som kjem opp av musikk og godstemning i løpet av morgonens musikalske verkstad. Glede og humør er fellesnevnarar, så dette ligg an til særs bra søndags formiddagskonsert!
Sundag 13. april blir det Jazzkalas på Scandic Voss.