Med verdsjazzkunstnaren Karl Seglem som musikalsk leiar fylgd av Jonas Sjøvaag (perkusjon) og Sigurd Hole (kontrabass) er den vesle timen med Superjazz lun og underhaldande. Med kjende viser som «So ro rela» og «Det står ein friar uti garden» utforskar gjengen i Superjazz dynamikk og tonalitet med største sjølvfylgje. Saman med publikum smakar dei på blåtonar og alle blåtonane har sin heilt unike smak. Alle får vera med å laga musikk i form av kviskring klapping og stryking i hender og somme får utdelt rytmeinstrument. Konserten vert avslutta med soloinnslag leikne dansesteg og eit «kykkeliky – god påske!».
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.