Sundagskaffi med vår fremste jazzpoet

Jan Erik Vold (Foto: Vossa Jazz/Kjersti Døssland)
Jan Erik Vold (Foto: Vossa Jazz/Kjersti Døssland)

Sundagsmorgonen starta roleg i foajeen på Gamlekinoen, der Audun Vinger var i samtale med Jan Erik Vold. Dette er mannen som verkeleg viste Noreg at jazz og poesi høyrer saman. Det passa eigentleg ganske godt at det var lydprøve i salen innanfor samstundes – slik fekk samtalen eit bakteppe av dempa jazz.

Publikum fekk interessante innblikk i Vold sin veg inn i jazzen, med ei fin historie om då poeten som unggut fekk oppleve Louis Armstrong på Klingenberg i 1952. Fleire glimt frå ein rik karriere vart det også, inkludert innspelinga med Chet Baker i Paris og konserten med Bill Frisell i Kongsberg. Rett og slett ei strålande opplading til ein herleg jazz-sundag på Voss.

Del gjerne!