For alle film- kultur- og folkemusikkelskarar: det er i ferd med å bli servert ei heilt unik oppleving! Laurdag under Vossa Jazz vil det verta snurra ekte film i Gamlekinoen att. I samarbeid med Cinemateket i Bergen vil me visa Noregs siste stumfilm, Kristine Valdresdatter (1930), regissert av mannen bak Brudeferden i Hardanger (1926), Rasmus Breistein. Filmmusikken er nylaga av Anders Røine og framført av han saman med noko av det beste Noreg har å by på av musikarar. Og innspelinga av musikken er nominert til Spellemannprisen 2017! 35mm-filmen vert spelt av på ein nær antikvarisk, flammedriven framvisar av dei dyktige maskinistane frå Cinemateket. Det vert høve til å få ein liten demonstrasjon på maskinrommet rett etter visninga.

Anders Røine – gitar, fele, langeleik, munnharpe, vokal
Marit Kalberg – langeleik, harmonium, vokal
Sondre Meisfjord – bass
Hans Hulbækmo – munnharpe, sag, trommer


Foto Niels J Røine