Strålande solid samspel

Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Uansett korleis ein snur og vender på det, er det ei sann ære og glede å vere vitne til
so dyktige og erfarne musikarar som det ein finn i Bjørn Alterhaug Quintet.
Dei briljerer på kvart sitt instrument og med kvar sin uvurderlege presisjon.
I presentasjonen av bandet lærer me òg at dei kan briljere med Nordens eldste jazzmusikar,
John Pål Inderberg, som i tillegg til å imponere på baritonsaksofon –
serverer diktlesing på lynrask trøndersk få har hørt maken til. Kvintetten leder tilhøyrarane gjennom ein kontrollert men leiken og ikkje minst smakfull samt stilig seanse.

Fyrste gong Bjørn Alterhaug spelte på Voss er over 40 år sidan, resten av kvintetten,
i tillegg til Inderberg, består av Frode Nymo (altsaksofon), Vigleik Storaas (piano) og Erik Nylander (trommer), og det er vel kanskje nettopp samspelet og synergien dei imellom som gjer kvintetten i stand til å setja spor i norsk jazzhistorie.

Del gjerne!