Strålande sol og stemning på Torget

torget_0

 

Laurdag morgon solskinn og masse menneske. Forholda kunne ikkje vore betre og saman med dei funky rytmane frå paradebilen blei paradedeltakarane revne med. Ein kunne høyre røysta til dei fleire hundre oppmøtte til toppen av Hanguren og muligens enda lenger.

 

Vel tilbake på Torget fekk tilskodarane storfint besøk frå Bergen og Helge Jordal og motbakkeorkesteret viste kvifor dei har blitt spurd om å halde to konsertar på Vossajazz 2012. Med tankevekkande tekstar og anekdotar vert det ei spesiell stemning på Torget denne laurdag morgonen som var til og både føle og ta på.

 

Ein stor takk til alle vossingane både store og små for ein minneverdig utekonsert under Vossa Jazz 2012.

Del gjerne!